Norske etternamn i Amerika

utskrift Utskriftsversjon

Utviklinga av etternamn
Frå det fyrste emigrantskipet Restauration drog over havet til New York i 1825, utvandra nær på 900 000 nordmenn til Amerika det neste hundreåret, dei aller fleste til USA. På 1800-talet hadde ikkje skikken med faste etternamn slått rot, dei fleste bar eitt førenamn (Anna, Knut), som var det eigentlege namnet, og eit farsnamn eller patronym som synte kven dei var dotter (Anna Larsdatter) eller son (Knut Andersen) til. Dersom personen budde på ein gard, vart gardsnamnet lagt til meir som ei adresse (Helland) enn eit etternamn, slik at ei namnerekkje kunne sjå slik ut i offisielle register: Anna Larsdatter Helland. Anna er dotter til Lars og bur på garden Helland.

Gjennom overklassen breidde skikken seg med faste etternamn på 1800-talet. Samfunnet vart dessutan gradvis betre organisert med eit veksande byråkrati som kravde ei fast identifisering av borgarane, men ikkje før i 1923 vedtok Stortinget ei ny lov om namn med krav om at alle nordmenn skulle bera eit fast etternamn eller slektsnamn. Registreringa av utvandrarane ved avreise i heimlandet og ankomst til Amerika førte til at dei måtte velja eit fast slektsnamn, som rett nok kunne variera både innan familien og endra seg dei fyrste tiåra i det nye landet.

Kva kalla dei seg?
I 1850 reiste Tron Jacobsen og kona Henrikke Henriksdatter med fem born frå den vesle garden Buringrud i Ringerike i Buskerud og utvandra til Iowa. Dei hadde budd på garden i berre sju år. Då dei slo seg ned i Amerika, tok dei namnet Jacobson av Trons farsnamn Jacobsen. Alle borna skreiv seg også Jacobson, men i neste generasjon tok Theodore Samuel tilbake gardsnamnet og skreiv seg Buringrud,  som seinare har følgt etterkomarane.

I 1861 reiste Marta Osmundsdatter og Hans Jonesen med fem born frå småbruket Kløv på Helland der dei hadde budd berre i ni år. Sidan dei reiste frå garden Helland, valde dei Helland som fast etternamn og ikkje Johnson (av Jonesen) som er eit utbreidd etternamn i USA. Etterkommarane etter Synneva Knutsdatter og Jone Hadlesen som reiste med tre born same året, skreiv seg derimot med patronymet Johnson i Amerika, av farsnamnet Jonesen.

I 1862 reiste ein annan familie frå småbruket Træ (Hellandstrædet) på Helland etter 15 års butid, Siri Oddsdatter og Ola Paulsen med seks born. Ola kom frå garden Guggedal lenger opp i dalføret. Påfallande nok valde Ola etternamnet Guggedal i Amerika, eit namn som veik sterkt av frå engelsk. Han tilpassa namnet litt med skrivemåten med Gudgdal, medan sønene skreiv seg med patronyma Olson og Oleson etter farsnamnet Ola. I same familien finn me såleis både gardsnamnet og farsnamnet i to variantar.

I 1880-åra utvandra syskena Lene, Nils og Tormod frå Helland etter berre få år under oppveksten på garden til mora Ambjørg Tormodsdatter. Faren Samson reiste etter i 1898. Han var fødd på garden Slogvik og reiste frå koparverket på Karmøy. Heile denne familien skreiv seg Helland endå om tilknytinga til dette gardsnamnet var nokså laus.

Gardsnamn
Desse døma illustrerer typiske trekk ved norske innvandrarnamn i USA. Mange valde det gardsnamnet dei reiste frå (Helland) som etternamn trass i ei butid som kunne vera ganske kort.  Dermed følgde dei same mønsteret som dei fleste nordmenn i heimlandet, om lag ¾ av alle nordmenn ber eit gardsnamn som etternamn. Andre valde eit patronym etter namnet til faren av typen Johnson (av Jon), Nelson (av Nils), Olson (av Ola, Ole, Olav). Nokså typisk for namnevalet er dette sitatet frå The Fargo Forum om Bjug Harstad frå Valle i Setesdal:

Harstad walked the 25 miles to enroll. While at Luther College, President Lauritz Larsen asked Harstad his name. "Bjug Aanondson," he replied. "But what farm did you come from in Norway?" queried Larsen. He answered, "Harstad," and from then on his name was Bjug Harstad.

Bjug gjev opp førenamnet, som er det eigentlege personnamnet, og patronymet som opplyser om kven han er sonen til. Noko fast etternamn hadde han ikkje på den tida.

Norske gardsnamn som etternamn har ein geografisk identifiserande funksjon som lettar arbeidet for slektsgranskarar. Rett nok finst det mange gardar i Noreg med namnet Helland, men det finst berre ein gard i Noreg med namnet Fisketjøn (Fisketjon), Guggedal (Gudgdal), Hagland, Mundal (Mondale), Rokne (Rockne), Tufteskog, osv. Alle desse gardsnamn er i bruk i USA som etternamn.

Tette jordbrukssamfunn
Nest etter Irland sende Noreg prosentvis flest borgarar til Amerika, og nordmenn var den største gruppa innvandrarar som vart farmarar. Dei slo seg ned i typiske jordbruksstatar i Midtvesten som Nord-Dakota (30% av folket har i dag norske røter), Minnesota (17.3%), Sør-Dakota (15.3%), Wisconsin (8.5%), Iowa (5.5%). Seinare innvandring og indre flytting gav Montana 4. plassen med 10.6% av folket som gav opp norsk avstamming i folketeljinga i USA i året 2000. I Canada finn me også mange innbyggjarar av norsk opphav: Saskatchewan (7.6%), Alberta (4.9%), British Columbia (3.6%), and Manitoba (4.2%). Sjå kartet nedanfor med opplysningar om norsk opphav i statar i USA og provinsar i Canada.

I desse statane voks det fram bygdesamfunn med det ein kunne kalla rurale gettoar av innvandra nordmenn som bygde sine eigne lutherske kyrkjer med norskspråkleg liturgi og konfirmasjonsundervisning. Desse lokalsamfunna vart knytte saman av heile 280 norskspråklege aviser og blad. I desse lokalsamfunna som til og med i mange tilfelle hadde ein overvekt av innvandrarar frå same dalføret eller bygda i heimlandet, ville ikkje norskspråklege etternamn av gardsnamntypen dei fyrste tiåra byd på nemnande kommunikasjonsproblem i eit engelskspråkleg storsamfunn. Her ligg kanskje viktigaste forklaringa på at så mange etternamn av denne typen ikkje vart sterkare tilpassa, endra, omsette eller rett og slett bytte ut i Amerika.

Særnorske bokstavar
Tre bokstavar måtte nødvendigvis bytast ut fordi dei ikkje finst i det engelske alfabetet utan at namnet trong verta heilt ukjensleg av den grunn.

Æ, æ: Sæther vart til Setter eller Sather, Sæbø til Sabo(e) eller Sebby, Skjæveland til Sheveland og Sævareid til Sevareid.
Ø, ø: Fisketjøn vart til Fisketjon, Jørstad til Jorstad, Kjølvik til Colwick, Lepsø til Lepse, Løvoll til Lovoll, Rølvaag til Rolvaag, Søndenå til Sandeno, Ødegaard til Odegaard, Øfstedal til Oefstedal og Østebø til Ostebee.

Å, å, Aa, aa: Sidan bokstaven å ikkje vart innført for aa før i 1917, fanst han sjeldan i innvandra etternamn. Bråstein vart endra til Brosten, Bråten til Braten, Fagerås til Fageros, Haukås til Hougas, Nybråten til Nybroten, Rølvaag til Rolvaag, Ødegård til Odegard eller Odegaard, Ås eller Aas til Oas, Awes eller Aus, Åssved til Aaosved og Åsheim til Oasheim. Her kan me skyta inn at uttalen av ås (aas) lett kunne framkalla negative assosiasjonar etter engelsk ass ’esel, tosk, rumpe’.

Tilpassing etter uttale
Stundom vart skrivemåten tilpassa engelsk uttale: Seim til Sime, Eide til Eade, Li og Lie til Lee, Aas til Oas, Haug og Haugen til Houg, Hougen, Lunde til Lundy, Rud eller Ruud til Rood eller Rude, Vetrhus til Vetrus, Fidje til Fedde, Tjelle til Chally, Kleiveland til Cleveland, Hervik til Harwick.

Forkorta namn
Dersom namnet var langt, kunne det verta forkorta: Roverud til Rove, Værholm til Holm, Klevstadberget til Berg, Liabråten til Braten, Sigmundstad til Sigmond.

Andre endringar
I enkelte tilfelle er det norske gardsnamnet vanskeleg å kjenna att: Chally, Tottle av Tøtland, Ostebee, Eddy av Eide, Brown av Braut, Figland av Fidjeland og Rosdail av Rossedal.

Heilt eller delvis omsette namn finn me døme på: Østvold til Eastvold, Østerhus til Easthouse, Vetrhus eller Winterhus til Winterhouse, Askeland til Ashland, Haug til Hill.

Det er ein myte at mange norske innvandrarar vart pressa av funksjonærar ved innvandrarsenteret Ellis Island i New York til å amerikanisera etternamnet sitt. Dette senteret vart ikkje oppretta før i 1892, etter at utvandringa hadde nådd toppen i 1880-åra, og svært mange av nordmennene gjekk i land i andre byar som St. John og Quebec i Canada og Boston i USA.

Særnorske namneformer
Sidan mange slo seg ned på landsbygda blant kjende og bygdefolk frå heimlandet, kunne dei behalda etternamnet i ei ofte særprega norskspråkleg form: Buringrud, Elvrum, Ildjarnstad, Kaupang, Liabraten, Musgjerd. Alle desse etternamn er eller har vore i bruk i USA. I åra etter 1900 ville nok innvandra nordmenn i større grad behalda etternamnet uendra av omsyn til byråkratiet og kravet om pass og annan legitimasjon, berre dei særnorske bokstavane æ, ø og å måtte skiftast ut. Generelt kan me seia det slik at di yngre innvandringa er, di mindre endringar i namnerekkja. I dag krevst det detaljundersøkingar for å fastslå om særprega etternamn har eksistert i eit eldre norskdominert bygdemiljø eller høyrer til seinare innvandring.

Patronym eller farsnamn
Gardsnamna vitnar i dei fleste tilfella om norsk opphav, verre er det å nasjonsbestemma patronyma. Mange av dei mest frekvente amerikanske patronyma er også utbreidde i det norske innvandrarmiljøet, t.d. Anderson (av m.a. Andersen), Johnson (av m.a. Johnsen), Thompson (av m.a. Torbjørnsen).

Etternamna Lar(s)son, Nelson og Ol(s)son dominerer i det skandinaviske miljøet, men det er vanskeleg å vita om berarane er av norsk, dansk eller svensk avstamming. Ol(s)son kan ha bakgrunn i svensk Olsson eller ei amerikanisert form av norsk og dansk Olsen. Namn med ss  (typen sson) vil ha svensk dominans, og namn med suffikset –sen (Larsen, Nielsen, Nilsen, Olsen) vil signalisera norsk eller dansk innvandring.

Vanlege patronym som Johnson kan skjula norske farsnamn som Jonsen, Johnsen, Jonesen, Johansen, Johannesen, og Thompson namn som Torsen, Torbjørnsen, Torgersen. Generelt sett er patronyma meir usikre enn gardsnamna til å nasjonsbestemma opphavet. Derimot kan mange av dei signalisera ein skandinavisk bakgrunn.

 

Døme på norske innvandrarnamn i USA

Agre: Peter f. 1949, fekk nobelprisen i kjemi 2003. Av gardsnamn Åkre i Rendalen.
Amble: Michele f. 1956, gift Bachmann. Av gardsnamn Amla i Kaupanger i Sogn.
Aus: Gunvald 1851-1950, ingeniør, grunnla the Gunvald Aus Company i New York. Av gardsnamn Ås mange stader.

Borlaug: Norman Ernest 1914 – 2009, amerikansk agronom som fekk Nobels fredspris i 1970. Av gardsnamnet Borlaug (Borlo) i Lærdal i Sogn.

Bredesen: Philip Norman jr. fødd 21. november 1943, politikar vald til guvernør i Tennessee 2003-2011. Patronym (farsnamn) av Brede, truleg frå dansk brejde 'stridsøks'.

Byfuglien: Dustin, fødd 1985, profesjonell ishockeyspelar. Av eit gardsnamn Byfellia i Etnedal i Oppland.

Eide: Elling 1935-2012, spesialist på kinesisk poesi som grunnla The Elling Eide Center i Florida, det største biblioteket med kinesisk litteratur i USA. Av eit gardsnamn Eide i Ølen i Vindafjord i Rogaland.

Engen: Corey (Kåre) 1916-2006
Evenstad: Linda f. 1942, skodespelar under namnet Linda Evans. Av gardsnamn i Ringsaker.
Fisketjon: Gary f. 1954, litteraturkritikar, forlagsmann. Av gardsnamn Fisketjørn i Suldal.
Harstad: Bjug 1848-1933, religiøs leiar og skulemann, grunnla Pacific Lutheran University i 1890. Av gardsnamn i Valle.
Haugen: Mary Margaret, senator i staten Washington. Av gardsnamn mange stader.
Hemstad: Richard 1933-2005, politikar i staten Washington. Av gardsnamn i Stange.
Herseth: Stephanie f. 1970, politikar i Sør-Dakota. Av gardsnamn Herset fleire stader.
Hovde: Elizabeth, aviskommentator i Oregon. Av gardsnamn fleire stader.
Hustvedt: Siri, f. 1955, forfattar frå Minnesota. Av gardsnamn Hustveit seks stader.
Klemesrud: Judy Lee 1939-85, journalist frå Iowa. Av gardsnamn Klemetsrud på Austlandet.
Loken: Kristanna f. 1979, skodespelar. Av gardsnamn Løken ca. 40 stader.
Mondale: Walther f. 1928, politikar frå Minnesota, vise-president 1977-81. Av gardsnamn Mundal i Fjærland i Sogn.

Norstad: Lauris (1907-1988), fødd i Minnesota. General i det amerikanske luftforsvaret, øvstkommanderande general i NATO 1956-63. Av eit gardsnamn Nårstad på Ombo i Finnøy i Rogaland: fyrsteleddet Når- er utolka, siste leddet ‘stad, bustad’.

Rockne: Knute 1888-1931, fotballspelar frå Chicago. Av gardsnamn Rokne på Voss.
Rove: Karl f. 1951, politikar. Av gardsnamn Roverud ved Halden.
Sabo: Martin Olav f. 1938, politikar i Minnesota. Av gardsnamn Sæbø fleire stader.
Sevareid: Eric 1912-92, TV-journalist og nyheitsanker. Av gardsnamn Sævareid i Etne.
Sunde: Sarah Cameron, teaterdirektør i New York. Av gardsnamn ca. 25 stader.
Tveit: Aaron f. 1984, skodespelar. Av gardsnamn mange stader.
Vangsness: Kirsten f. 1972, skodespelar frå California. Av gardsnamn Vangsnes i Vik i Sogn.

 

Litteratur:
Coleman, Nancy and Olav Veka: A Handbook of Scandinavian Names. The University of Wisconsin Press, 2010.
Dictionary of American Family Names. Edited by Patrick Hanks. Vols. 1-3. Oxford University Press, 2003. Under revisjon, truleg avslutta 2019.
Kimmerle, Marjorie M.: Norwegian-American Surnames in Norwegian-American Studies (12:1-32, 1941).
Veka, Olav: Norsk etternamnleksikon. 2. utgåva. Revidert, oppdatert og utvida. Det Norske Samlaget, 2016.

© Olav Veka

NorwegianAmerican

Henta frå artikkelen ”Norwegian Canadian” på Wikipedia. Lasta ned 23.9.2011.

http://en.wikipedia.org/wiki/File:Norwegians-in-NorthAmerica.png